Ånond Versto
Den store katten og det som gror

Foto: Øystein Thorvaldsen
Beskrivelse av verket
Ein stor katt sit majestetisk og ventar. Ut av halen har det grodd fire tre som omsluttar katten. Greinene er avskorne. Trea og halen lagar eit rom ein kan gå inn i.
Skulpturen er bygd opp av bjørkeplank, lima saman og etterpå spikka til med treskjærarjern.
Kunstnerens intensjon
Kunstnaren har freista å lage noko som utstrålar majestetisk ro på ein inderleg måte. Samtidig er det noko som har vakse ut av kontroll, som ein sjukdom eller eit immunforsvar.
Ein tvetydig skulptur som umiddelbart gjev ”sjel” til romet, og som kan appellere til kjensler og assosiasjonar hjå både barn og vaksne i sjukehussituasjonen. Skulpturen inviterer til berøring, og lagar si eiga sone som ein kan gå inn og ut av.
Sist oppdatert 19.02.2026