Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Ånond Versto

Industrimorgon (Syklonfamilie)

Skulpturen førestiller ein kjernefamilie, der figurane er forma som syklonar, rensemaskiner som ein finn til dømes på taket på treforedlingsfabrikkar.

Foto: Øystein Thorvaldsen

Beskrivelse av verket

Skulpturen førestiller ein kjernefamilie, der figurane er forma som syklonar, rensemaskiner som ein finn til dømes på taket på treforedlingsfabrikkar. Slik viser skulpturen til industrihistoria til Drammen, og til sjukehustomta.

I motsetning til katten, er denne skulpturen laga i eit industrielt/geometrisk/mekanisk formspråk.

Kunstnaren har freista å lage ein monumental skulptur som utstrålar ein viss humoristisk optimisme knytt til industri, som eit minne over det som ein gong utgjorde byens sentrale aktivitet. Med dei lange ”armane” hegnar skulpturgruppa om sitt eige rom, som ein kan gå inn i og opphalde seg i.

Skulpturen er bygd opp av bjørkeplank, lima saman og etterpå dreia, frest og forma til.  

Kunstnerens intensjon

Skulpturen insisterer på ein leiken og human lesning av industrielle former, og med dette ynskjer kunstn å løfte fram det vakre i slikt.

Det er eit nikk attende til ei tid der industri og natur ikkje sto i opposisjon, og der framtida såg ljosare ut for menneska.

Kunstnaren har freista å gjera dette med humor og omsorg. Kanskje den observante tilskodar vil leggje merke til at det stikk slike mekaniske ”hovud” opp av taket på sjukehuset, etter å ha sett skulpturen.  

Sist oppdatert 19.02.2026