Ved digital oppfølging får pasienten kvar fjerde veke tilsendt ein SMS med ei lenke til eit digitalt kartleggingsskjema som inneheld spørsmål relatert til nyresvikt. Oppfølginga legg til rette for at relevante helseopplysningar blir overførte til sjukehuset og helsepersonell kan følge med på tilstand og symptomutvikling mellom oppmøtekontrollar.
Kvar 6. månad blir det i tillegg sendt ut eit digitalt skjema for kartlegging av livskvalitet. Systemet legg også til rette for meldingsutveksling, til og frå behandlar. Melding frå behandlar vil varslast på telefonen til pasienten.
Oppfølging frå sjukehuset
Innsende skjema og meldingar blir gjennomgått på sjukehuset éin gong i veka. Dersom svar viser behov for ekstra oppfølging frå sjukehuset, blir pasienten kontakta på telefon av ein sjukepleiar.