Kompleks rehabilitering startar allereie på intensivavdelinga. I akuttfasen blir det lagd vekt på medisinske problem og rehabiliteringa blir tilpassa den medisinske tilstanden til pasienten. Rehabilitering etter akuttfasen blir retta mot kontrollert stimulering av ulike sansar, orientering av pasienten mot seg sjølv og omgivnader, tiltak for å halde oppe rørsle og auke tida pasienten er vaken.
Tverrfagleg team med spesialkompetanse innanfor nevrorehabilitering kartlegg funksjonssvikt og tilpassar behandling av sensoriske, motoriske og kognitive utfall. Pasientar med hjernebløding, traumatisk hovudskade etter fallulykker, trafikkulykker og vald, hjernesjukdommar får den typen rehabilitering.
Tverrfagleg team har ansvar for å vurdere ressursane og problemområda til pasienten. Ut frå desse vurderingane og i samarbeid med pasient sjølv og/eller pårørande blir det utarbeidd individuell rehabiliteringsplan. Tverrfagleg team består av lege, ergoterapeut, fysioterapeut, pleiepersonell, nevropsykolog, logoped og sosionom. Ved behov kan andre spesialistar kallast inn.