Samval
Når du har blitt sjuk eller har eit helseproblem, er det ofte fleire ulike moglegheiter for både undersøkingar og behandling. Her finn du verktøy som kan hjelpe deg til å ta valet.
Livsstilsendring
Sjukleg overvekt blir behandla med livsstilsbehandling (åtferdsbehandling) med eller utan medisinar eller fedmeoperasjon.
I behandlinga fokuserer vi på korleis du kan endre livsstilen din. Målet med behandlinga er varig betring av levevanar, vektreduksjon, vektstabilisering og betring av følgesjukdommar. Behandlinga kan bestå av gruppe- og individuell undervisning og inkluderer element av kognitiv åtferdsterapi og motiverande samtaleteknikkar.
Fedme - livstilssendring hos voksne, Bærum sykehus
Vektreduserande medisinar
I tillegg til endra kostvanar og/eller auka fysisk aktivitet kan du få medisinar som kan bidra til vektreduksjon.
Per august 2024 finst fire ulike vektreduserande medisinar. Det er ikkje anbefalt å kombinere nokon av desse medisinane. Kva medisin du eventuelt kan bruke, vil vere avhengig av om du har andre sjukdommar. Det er derfor viktig at du og legen saman kjem fram til kva som er trygt for deg å bruke.
Vekttapet stoppar vanlegvis etter 6–12 månader. Medisinen hjelper deg deretter å halde oppe vekta på eit stabilt nivå.
Les meir om vektreduserande medisinar på helsenorge.no
Fedmeoperasjon
Fedmeopreasjon kan vurderast om ein ikkje kjem i mål med konservative og eventuelle medikamentelle tiltak, og dersom kriteria for «sjukleg overvekt» er oppfylte (BMI≥ 40, ≥ 35 dersom vektrelaterte følgesjukdommar). Somme pasientar med BMI ≥ 30 med type 2 diabetes kan også vurderast for operasjon.
Pasientar som blir vurderte for operasjon skal først gå gjennom undervisning med informasjon om kva operasjonen inneber og krev av pasienten sjølv. Det blir informert om:
- Operasjonførebuande kurs.
- Forundersøking med gastroskopi.
- Konsultasjon hos kirurg før operasjon.
- Konsultasjon på prepoliklinikk med anestesilege og andre fagpersonar 1–2 veker før operasjon.
- Lågkaloridiett som må følgast dei siste tre vekene før operasjon.
- Kvinner som er i fruktbar alder og er seksuelt aktive må ta ein graviditetstest før planlagd operasjon.
- Oppfølgingstida med polikliniske kontrollar hos lege og gruppemøte.
Fedmeoperasjon - gastric bypass, Bærum sykehus
Fedmeoperasjon - gastric sleeve, Bærum sykehus