Ved første konsultasjon møter familien helsepersonell til ein samtale. Her blir motivasjon kartlagd for behandlinga, kvardagen og korleis barnet/ungdommen har det. Etter timen får ein med ei kostliste der ein fyller ut det barnet/ungdommen et og drikk over nokre dagar.
Neste gong treffer de ein lege som kartlegg sjukehistorie, vekthistorie og vektrelaterte følgesjukdommar med tanke på moglege årsaker og komplikasjonar til overvekta. Legen vil gjere ei enkel undersøking av kroppen til barnet/ungdommen. Deretter går de gjennom kostlista saman med sjukepleiar, slik at de kan utarbeide konkrete mål for endring basert på eige kosthald.
Dei fleste vil så følgast opp av eit team beståande av for eksempel sjukepleiar, ernæringsfysiolog, fysioterapeut, psykolog og lege. Her er formålet å kartlegge kva du et, den fysiske aktiviteten din og å gi råd om dette. I utgangspunktet følger alle barn og unge eit standard forløp det første året, men vi legg det vidare behandlingsforløpet ditt saman med deg, der vi finn den behandlingsmetoden som passar deg best.
Pasientar med psykiske plager som kan ha noko å seie for behandlinga vil bli tilviste til psykolog med spesiell kompetanse på barn og ungdom. Vi ønsker også å inkludere helsesøster og fastlege i vidare oppfølging.