Blodfortynnande medikament
Dersom du bruker blodfortynnande medikament er det viktig at vi vurderer behovet for å justere eller endre bruken av desse medikamenta i god tid før inngrepet. Har du ikkje fått beskjed om dette ved innkalling til operasjon ber vi deg ta kontakt med oss.
Kompresjonstøy
Før operasjonen får du beskjed om kva slags kompresjonstøy som er anbefalt, og om du må kjøpe dette på førehand. Du bør ha to sett kompresjonstøy. Du betaler sjølv for kompresjonstøyet.
Vi anbefaler ikkje å kjøpe brukt kompresjonstøy på grunn av hygienemessige årsaker og reduserte kompresjonseigenskapar.
Dusj
Vi anbefaler at du dusjar og vaskar deg med uparfymert såpe, som Hibiscrub (kan kjøpast på apotek) morgonen før inngrepet.
Faste
Før operasjonen må du faste. Det betyr at du ikkje kan ete, drikke, eller tygge tyggegummi/drops. Magesekken må vere tom for at ikkje mat eller væske skal komme over i lungene under narkosen. Det er viktig at du følger instruksjonane på korleis du skal komme godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste kan du risikere at vi må utsette operasjonen.
Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, jus utan fruktkjøtt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløte) inntil 2 timar før planlagd operasjon. Unngå tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Inntil 1 time før operasjonen kan du svelge medisinar med eit glas vatn (maks 150 ml).
Ved spesielle inngrep kan det vere andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset før operasjonen.
Planlegg heimreise
Du vil ikkje kunne køyre bil sjølv og treng transport heim frå sjukehuset.
Dersom du blir operert dagkirurgisk og skal reise meir enn éin time frå sjukehuset, anbefaler vi at du planlegg for å bli i nærområdet fram til neste dag. Du er sjølv ansvarleg for å organisere dette. Dette er fordi vi ønsker at du skal vere i nærleiken dersom det skulle oppstå komplikasjonar som vi må vurdere eller behandle like etter operasjonen. Dersom du blir innlagd for behandling overnattar du uansett på sjukehuset til neste dag.