Aktuelle terapimetodar for barn og unge:
Familiebasert behandling for spiseforstyrringar (FBT)
Familiebasert behandling for spiseforstyrringar (FBT) er ei behandlingsform utvikla spesielt for barn og ungdom og deira familiar som strevar med mat og eting.
Dette er den mest verksame behandlinga, og derfor tilrår dei nasjonale retningslinjene familiebasert behandling spesifikt for spiseforstyrringar til barn og unge med spiseforstyrringar.
At heile familien er med aukar sannsynet for tilfrisking, hindrar tilbakefall, og reduserer behovet for meir intensiv behandling, inkludert døgnbehandling. Dette gjeld alle spiseforstyrringsdiagnosar, både ved anoreksi, bulimi og overspising.
Ved familiebasert behandling snakkar behandlaren litt med ungdommen åleine, men mest med heile familien samtidig. Av og til er det også viktig og nødvendig å snakke med foreldra utan ungdommen til stades.
Flerfamiliegruppeterapi
Flerfamiliegruppeterapi blir gitt i tillegg til ei anna hovudbehandling, som hos unge som regel vil vere familiebasert behandling.
Ved flerfamiliegruppeterapi møtest fleire familiar over ein eller fleire dagar i ein viss tidsperiode, vanlegvis omtrent eit halvår.
Flerfamiliegruppe med undervisnings- og samtaletilbud
Individuell psykoterapi for spiseforstyrringar
Dersom FBT ikkje fører fram eller er uaktuelt, bør det tilbydast individuell psykoterapi retta mot spiseforstyrringar. Det er utvikla fleire slike behandlingsformer, men hittil har forsking ikkje gitt grunnlag for å tilrå nokon psykoterapiformer framfor andre.
Behandlinga bør uansett vere retta mot å hjelpe barnet/ungdommen til eit trygt matinntak og etemønster. Dette inneber å ha fokus på vektnormalisering når det er nødvendig. Dessutan må behandlinga også fokusere på alle dei andre sidene ved ei spiseforstyrring, som overspising, oppkast eller overdreven trening. Psykoterapien bør ha ei viss varigheit og intensitet.
Til eldre ungdommar (over 16 år) kan kognitiv åtferdsterapi for spiseforstyrringar brukast som behandling ved bulimi som eit alternativ til FBT.
Medikamentell behandling
Det finst ingen medikament som åleine kurerer ei spiseforstyrring, men nokre medikament kan av og til vere til hjelp. Dersom ungdommen samtidig strevar med til dømes tvangsliding, depresjon, angst og søvnvanskar, kan medisinar vere ein nødvendig del av behandlinga.