Det er vanleg at vi snakkar med deg på sjukehuset, og at du snakkar med psykolog, sosionom, pedagog eller lege. Vi har også samtalar med dine føresette eller personale om du bur på institusjon. Vi samarbeider ofte med skule, barnevernsteneste, helsesjukepleiar, fastlege eller andre som er viktige i behandlinga di.
Utgreiinga skal hjelpe oss å finne rett diagnose, og dermed så rett behandling som mogleg.
Mange barn som utfører SSA har samansette vanskar, og treng hjelp til også andre område enn å slutte med SSA.
Utgreiing kan gjerast gjennom å bruke eit program som heiter «AIM3 Utredning», der vi samlar informasjon frå dei som kjenner deg godt. Denne informasjonen kan hjelpe oss å forstå kva som har ført til hendingane, og kva som er viktig å endre på slik at dei ikkje gjentek seg. I tillegg legg vi stor vekt på det å ha samtalar med deg, slik at vi kan prøve å sjå saka frå di side.
Det er vanleg med spørsmål som handlar om utviklinga di, familien din, miljøet ditt. I tillegg kjem din seksuelle, men også anna regelbrytande åtferd. Vi ser også på om du treng nye strategiar for å styre kjenslene dine. Det er viktig at vi ser både på styrkane dine og bekymringane dine. Dette kan hjelpe oss å saman med deg lage ein plan for kva behandling du skal ha.