Du bør lage deg ei oversikt over legemiddelinntaket ditt den siste tida, slik at dei medisinske og miljøterapeutiske tiltaka kan tilpassast behovet ditt på best mogleg vis. Dersom du har erfaringar med avrusing frå tidlegare, og veit kva som fungerer best for deg, er det også viktig å informere behandlaren din om dette. I nokre tilfelle kan det vere aktuelt å starte nedtrappinga heime med poliklinisk rettleiing, dette vil eventuelt behandlaren og legen din kunne samarbeide om.
Vi vil ta kontakt med fastlegen din/tilvisar, men det er også ønskeleg at du informerer oss om eventuelle kroppslege eller psykiske plager du ønsker at vi skal vete om eller forsøke å hjelpe deg med.
Veldig mange gruer seg til avrusinga og slit med eigenmotivasjonen før innlegginga. Dette er noko vi kan hjelpe deg med, så sei ifrå om dette.
Viss du lurer på noko, kan du når som helst ta kontakt med oss.
Treng du transport til samtale/ innlegging? Les om pasientreiser på helsenorge.no